Utvandrerne - Svein Indrelid

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne
Gratis

Utvandrarjubileet 2025

Svein Indrelid og boka Utvandrerne
Svein Indrelid og boka Utvandrerne
Svein Indrelid og boka Utvandrerne

Gratis - inga påmelding

Dato

torsdag, 11. september

Tid

19:00 - 19:45
Legg til i kalender

I høve utvandrarjubileet er forfattar og professor i arkeologi Svein Indrelid på turné i fylket. Han vil halde foredrag om boka si, Utvandrerne, som kom i fjor haust.

I boka følger vi ei gruppe menneske frå Flåm, Aurland og Lærdal som våren 1844 drog til Bergen - der steig dei ombord på skipet Juno for å krysse havet til Amerika. Forteljinga er basert på eit stort kjeldemateriale, og tek lesaren tett på fortidas draumar og verkelegheit - og på korleis det er å bygge livet på nytt i eit ukjent land. Opplevingane til desse er langt på veg dei same som dei fleste norske emigrantar hadde i pionertida i 1840-åra. Boka er difor ikkje først og fremst lokalhistorie, men eit stykke norsk emigrasjonshistorie.

Forfattaren Svein Indrelid er professor emeritus i arkeologi frå Universitetet i Bergen. Han har gitt ut ei rekkje artiklar og bøker om kulturhistorie og arkeologi. Indrelid er frå Flåm og bur i Bergen.

Relatert litteratur

Utvandrerne - Svein Indrelid | Tysnes folkebibliotek