Fjernlån

Sist oppdatert 20. aug. 2024

Felles tenesteerklæring for fjernlån i Vestland

Kva er fjernlån?


• Fjernlån er lån mellom bibliotek. Dersom du ikkje finn det du leitar etter på biblioteket, kan det bestillast frå andre bibliotek.
• Fjernlån er gratis for lånaren.
• Du kan bestille fjernlån sjølv på bibsok.no, eller du kan be biblioteket om å bestille for deg.


Kven kan få fjernlån?


• Alle som har lånekort ved biblioteket, kan bestille fjernlån.
• For å bestille sjølv på bibsok.no må du ha nasjonalt lånekort / Bibliotekkortet: https://bibliotekkortet.no/


Kva kan du bestille?


• Nesten alt som finst i norske bibliotek kan lånast inn, med unntak av nokre digitale ressursar som berre er tilgjengelege for studentar via universitet og høgskular.
• Nye, populære bøker og bøker som finst i biblioteket si eiga samling kan du vanlegvis ikkje låne inn frå andre bibliotek. Du vil bli sett på venteliste i ditt eige bibliotek.
• Biblioteket kan bestille inn fleire eksemplar av same tittel til lesesirklar. Ver ute i god tid, og ikkje sikt på nye, populære bøker.


Pensumlitteratur


Universitet og høgskular forventar at studentane kjøper inn sentralt pensum sjølve, og du kan ikkje vente at biblioteket låner inn materiale frå pensumlister til deg.

Av og til treng du berre eit kapittel eller to, eller du treng støttelitteratur som supplement eller fordjuping. Til slike føremål har nokre studiestader eksemplar til utlån. Dette kan du låne inn via bibsok.no, og velje ditt lokale folkebibliotek som hentestad. Ver merksam på at du vert ståande på den same ventelista som dei studentane som reserverer materialet i campusbiblioteka sine samlingar.

Vi oppmodar deg om å gjere deg kjent med om noko av materialet er tilgjengeleg digitalt gjennom open access eller gjennom studentpålogging, slik at vi ikkje sender materiale fysisk dersom det ikkje er naudsynt. Det er raskare for deg, og betre bruk av ressursane for
biblioteka.

Elevar, lærarar og privatistar ved vidaregåande skular kan kontakte skulen sitt bibliotek om pensumlitteratur eller bestille sjølv dersom materialet er tilgjengeleg for fjernlån i bibsok.no.


Kor lenge kan du halde på fjernlånt materiale?


Eigarbiblioteket bestemmer lånetid og andre vilkår for fjernlånt materiale.