Dei fire årstidene i Vrimleby er no samla i ei bok. Vinteren kjem til Vrimleby med dansande snøflak og julemarknad, og papegøyen Niko stikk av i kulda. På våren er det full fart i byen, det er så mykje å gjere når snøen endeleg er vekk. Sommaren kjem med is og bursdagsfeiring, for Susanne fyller år og ho har invitert alle vennene sine til fest i parken. Når blada fell frå trea og hausten er her, feirar Vrimleby opninga av den nye barnehagen med eit flott lanterne-opptog. Boka er kartonert og skildrar byen i kvardag og fest. Her er årstidene i alle sine fargar, med spennande detaljar. Bilet-/myldrebok for førskolebarn/småskuletrinnet.