Blå rikdom

Vaksne

Blå rikdom

Svein Haaland

2000

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Fiske
Dette er ei bok om fisk, ei populærvitskapleg reiseskildring der ein møter menneske som har det til felles at dei på eitt eller anna vis har eit nært forhold til fisk. Her er indianarar i USA som dansar for å lovprisa laksen, og karaokesyngjande trålfiskarar i Vietnam. Me møter tørrfiskvrakar i Lofoten og bordar russiske trålarar på sildefiske utanfor Møre. I Ghana røykjer fiskarkvinnene fisk, og i stillehavsøya Aitutaki jaktar fiskaren på papegøyefisk med spyd. Boka plasserer det lokale og kvardagslege strevet i kystsamfunna inn i ein global samanheng, og fortel litt om kva fisken har å seia for folk i vår tid. Svein Haaland, som er kjend frå programposten "Ut i naturen", og som har laga tv-serie om fisk, skildrar i boka kystsamfunn som på tross av stor geografisk og kulturell avstand har mykje felles. Litteraturliste. Foto: Svein Haaland m.fl.

Utgåver