Roman  •  Spenning  •  11 – 15 år

Blindt mysterium

Erna Osland

1995

Originaltittel:Blindt mysterium

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

I bok nummer to om ungdomane Ruben og Gina er Gina attende på Voss hjå mora.Då mora brått blir borte i to dagar, ringer dottera etter venen sin i Bergen. Saman prøver dei å finne ut av mysteriet. Både lesaren og Ruben får i denne boka svar på spørsmål om Gina-personen som ein sat att med etter første boka, mellom anna at ho rømde til Bergen fordi mora ikkje tek seg av dottera. Ho er berre oppteken av å tyde draumar og spå folk om framtida. Biletet forfattaren gjev av mora, er litt lite truverdig og noko enkelt og konstruert på same måte som historia. Litt spenning blir det, men det tek aldri skikkeleg av, og løysinga på mysteriet verkar både lettvint og noko utruleg. Språket er lett, og forteljinga flyt godt. Den er fortalt i ein knapp stil med korte setningar og kapittel som gjer boka lettlest. Trass i dei litt mangelfulle litterære kvalitetane, har denne spenningsboka verdi som tilbod til lesesvake ungdomar. ISBN 8252146309 Om Ruben og Gina som prøver å oppklare eit blindt mysterium. Historia inneheld draumetydning, healing, gloheite hender, folk som forsvinn, jenter som skjer i glas og mødrer som går sine eigne veger. Kva er det mor til Gina har gjort? Kvifor vil ikkje Gina gå til politiet og be om hjelp? Dette er den andre boken om Ruben og Gina. For andre gong får dei to venene eit mysterium å løyse. Lettlestbok i Siriusserien.

Utgåver