Påståtte hekser og trollmenn ble rettsleg forfølgd i store delar av Europa på 1500- og 1600-talet. Boka inneheld ei oversikt over trolldomsprosessane i Europa. Her finn ein informasjon om kor mange som mista livet i denne prosessen, utbreiinga i tid og rom og kva den utløysande faktoren var. Avslutningsvis minnar forfattaren om at delar av verda i dag opplever tilsvarande menneskeforfølging. "Utsyn og innsikt" er ein serie kortfatta introduksjonsbøker til større emne i historieforskinga.