Det ligg eit underleg land i ei underleg verd, lang, langt borte. Ikkje kan ein gå dit, ikkje kan ein fly dit, men alle kan bli med ned gjennom den blågrøne, glasklare sjøen, ned til det underlege Fiskelandet. Flyndrefanten legg ut på ei farefull reise for å fri Flyndrefrøken Fine som er teken til fange i Krabbeslottet. Krabbe Krølle har teke makta i Taremareby og truar alle med det dødbringande våpenet Tarefela. Bli med til den fantastiske undersjøiske verda. Illustrasjonar på annakvar side. Bak i boka er det songar med noter til. Biletbok for småskoletrinnet.