Veslesyster får ikkje sove fordi ho er redd for skumle draumar. Då er det fint med ein storebror i overkøya som kan fortelje om alt det fine og rare dei kan gjere i draumane. Som å reise til månen, eller til havbotnen, eller bake tusenvis av herlege kaker. Biletbok for førskolebarn/småskoletrinnet.