Dikt  •  Vaksne

Drøymevegring : dikt

Gyrðir Elíasson

2020

Originaltittel:Draumstol
Omsett av:
Oskar Vistdal

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Gyrðir Elìasson (f. 1961) er ein av dei fremste diktarene i Norden, og fekk i 2011 Nordisk råds litteraturpris. Drøymevegring er den seinaste diktsamlinga hans. I denne er et eget kvilelaust, stadig på reise, fell ikkje til ro. Han ser vatn likt bly, tre som veks opp ned, flyg omkring eller står som spjut i himmelen, han ser tog og karavanar som ikkje kjem får eller kjem nokon stad, urolege stjerner i mørkret, utdøydde fuglar. Det indre og det ytre fell saman i desse dikta, dei viser fram eit land mellom draum og vaken tilstand, eller båe tilstandar samstundes. Den verda Gyrðir Elìasson diktar fram, er dramatisk og mørk, men også kvardagsleg, og nett difor er dikta uroande. Han har ein tilforlateleg omtang med øydelegginga omkring oss og det ufattelege i tilveret. Særeigen er blandinga av åtvaring og likesæle som dirrar mjukt i røysta hans.

Utgåver