Hovudpersonen er deprimert og bestemmer seg for at no er det slutt, over og forbi. Han er reie til å gjere sjølvmord. Det er det einaste sømmelige, det einaste vakre, tenkjer han. Han ser fram til at det heile er over, då vil han vere høgt elska og djupt savna. Boka følgjer hovudpersonen gjennom det sist døgnet som altså må bli hans siste. Dette er ein både trist og morosam forteljing, alt på ein gong. Ei bok som kan gje grunnlag for diskusjonar kring depresjonar blant barn og unge.