I mai 2000 gjekk ein væpna mann inn i Hjelmeland barnehage. Med hagle, kniv og bensinflasker i bagasjen trua han 26 barn og 10 vaksne, og heldt dei som gislar i 0-3-årsavdelinga i nærare eit halvt døgn. I denne boka fortel avdelingsleiar Helga S. Hope historia slik ho opplevde ho. Ho tek utgangspunkt i dei ytre hendingane når ho fortel om kva drama som utspant seg i sinnet hennar i åra etter gisselaksjonen. Det skulle gå mange år før ho kom ut i fridom og forsoning med at livet ikkje vart slik ho ønskte.