Vaksne
Fanatrøyer
1998
Lån boka
Om boka
Folk flest kjenner truleg lite til dei gamle "Fanatrøyene". Slik det industrielle samfunnet har utvikla seg dei siste 50 åra, har trøyene mist mangfoldet og i staden fått ei standardisering og nærast ei uniformering av den stripete trøya. Fana Husflidslag har sidan våren 1991 hatt ein studiering i arbeid med registreringa av "Fanatrøyer". Korleis såg trøyene ut før, og kva har vi mist? Resultatet av registreringa blir formidla her i denne boka. Her finn ein strikkehistorikk, registreringsskjema med snitteikningar og foto, mønsterbordar, strikketeknikkar med meir. I boka er det tatt med både gamle og nye strikkeoppskrifter. Gjennomillustrert med gamle foto i svart/kvitt og nye foto i fargar. Boka har eit samandrag med engelsk tekst. Med oversikt over litteratur og kjelder. Nyn.