Storebror til Mika kjem sveit og andpuste heim frå skulen og fortel at Folkets hus står i brann. Heime hos Mika blir det panikk og mor tek med seg Mika og spring av stad til brannstaden. Besteforeldra til Mika bur i det brennande huset og nå må dei reddast ut. Mika følgjer med på all dramatikken og sløkkinga av Folkets hus. Dette er ei bok om liv og død, og om å ta barns redsle på alvor. Fargeillustrasjonane både gjenspeglar og forsterkar den urovekkande og skremmande handlinga i boka. Billedbok for førskolebarn.