Ei ny samling essay, epistlar og liknande prosastykke, rik på teffande og underhaldane karakteristikkar og frimodige analysar av dikterkollegaer, kulturliv og eige skriftliv. Hyllingane spenner frå Aasen, Kittelsen og Mykle, Gunnar Lunde, Ingvar Moe og Gunvor Hoffmo til Olav H. Hauge, Hans E. Kinck og Jacob Sande. Økland fortel svært personleg om sin eigen veg til lesing og skriving, først av vaksenbøker, seinare også som barnebokforfattar. Og ikkje minst gjennom skildringa av tida i tidsskriftredaksjonane i "Fossegrimen", "Profil" og "Basar" får ein her eit eit nærgåande innsyn i dei litterært så spudlande 1960-åra og det særeigne og nedbrytande klimaet på 1970-talet. Med register.