Lån boka
Om boka
Det er 350 år sidan det første norske fyret vart tent. Eit fleirtal på Stortinget meiner det ikkje lenger er bruk for fyrfolk. Nokre meiner det er feil. Andre synest det er greitt. I boka får vi eit møte med fyrfolket, dei som hadde heimen sin på fyra, passa lyktene, melde vêret og gjorde skipsleia langs norskekysten tryggare. Gjennom tekst og bilete kan lesaren få vere med på innsida av fyra, møte menneska der og lære meir om kvardagen deira. Dei fortel om naturkrefter og dramatikk, sjukdom og isolasjon, forelsking og draumar og om avfolking og forfall. Forfattaren har intervjua folk på 14 fyr på heile Vestlandet. Boka handlar også om menneske som tenkjer nytt i forhold til fyra, og som finn nye måtar å bruke dei på.