Denne boka er den første samla framstillinga av Halsnøy kloster si historie, og markerer at det i 2013 er 850 år sidan klosteret vart oppretta i 1163-64. Gjennom tolv kapittel følger vi klosteret gjennom ulike fasar frå etableringa til nedlegginga, men òg i nyare tid fram til i dag. Klosteret var eit viktig senter både religiøst og kulturelt. Ved utgangen av mellomalderen var det ein mektig jordeigar som prega områda rundt i vid krins. I alt 13 forfattarar frå så vel humanistiske som naturvitskaplege fagområde gir her ei brei skildring av klosteret og klosterområdet si omfattande verksemd. Rikt illustrert.