Kameratane Harry og Ivar er to sære typar som bur saman. Denne gongen har Harry fått ein grandios ide: å trylle fram ein julekveld i april. Han har sendt inn sju ønskjer til julenissen. I forsøket blir det ikkje spara på ess eller kaninar, og særleg ikkje på vaflar, som reddar dei ut av ein skummel situasjon. Betre blir det ikkje av at superskurken Kameleonen lurar i julepynten. Og som vanleg er det blyge Ivar som må rydde opp i sakene. Dette er tredje bok om dei særs umake vennene Harry og Ivar. Nynorsk tekst. Fortelling for mellom-/ungdomstrinnet.