Dette er ei moderne kokebok inspirert av Hulda Garborg si kokebok, Heimestell, frå 1899. Ruth-Hege Holst har latt seg inspirere av kokekunsten til Hulda Garborg. Dei aller beste rettane frå Heimestell er modernisert og tilrettelagt for dagens kjøkken og dagens smakspreferansar. I tillegg har Holst brukt eigen kreativitet og fantasi til å skape heilt nye rettar og smakskombinasjonar. Boka åpner med ei innleiing om Hulda Garborg som kokebokforfattar, skrive av forfattaren i samarbeid med Ingunn Stuvøy frå Asker Museum. Så følgjer oppskrifter på mat inspirert av kontinentale matvanar, salatar, dressingar og grønsaker, supper, fisk, kjøt, dessertar, bakst og marmelade. Illustrert i fargar. Har litteraturliste. Foto: Tove Kristin Breistein. Nynorsk tekst.