Forteljinga tek til då helten Kapo må ta seg av den vesle, etterlatne arvingen etter det styrta Babel- konsernet. Det blir byrjinga på eit nytt liv for dei begge, og Kapo kjenner behov for å få vite meir om kven hans eigne foreldre var. Dei to reiser- i Oslo, til Femundsmarka, til Russland- i spora etter ei mor som opplevde evakueringa av Finmark etter andre verdskrigen, og ein far som var russisk offiser. Denne jakta på opphavet avslører historia om to unge menneske som fekk liva sine prega av store verdshendingar, og byr samtidig på eit djupt dykk ned i norsk og russisk etterretningshistorie, med skarpe sideblikk på norsk samfunnsliv. "Ingen er så trygg i fare" er eit fritt framhald av romanen "Mars". Jørgen Norheim vart i 2002 nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for denne romanen.