I boka gjev Metha eit brutalt og ærleg bilete av depresjon, hypomani, suicidalitet, psykisk helse og korleis ho har komme seg vidare etter at ho fekk diagnosen bipolar type 2, som ho må leve med resten av livet. Metha har planar for framtida, men ein djup depresjon, som ho gjer alt for å skjule, set alle planar på vent. Kva går gjennom hovudet til Metha i sekunda før ho prøver å ta livet sitt? Korleis går det med henne når ho overlever og må starte på nytt etter å ha fått diagnosen bipolar type 2? Metha inviterer oss inn i psyken sin og fortel om den lange reisa tilbake til seg sjølv, med hjelp frå familie og helsevesen. Er det éin ting ho har lært dei siste åra, så er det at utruleg mykje vondt kunne vore unngått om ho berre hadde snakka om det. Med kven som helst. Nokon skulle fått vite det. Omtalen er utarbeidd av BS.