Å lage knekkebrød er ikkje vanskeleg. Dessutan er knekkebrød sunt, godt, rimeleg og haldbart. Her får du oppskrifter på solide kvardagsknekkebrød, knekkebrød tilsette god smak som til dømes ost, tranebær, dill og sitronskal, men også oppskrifter på mellom anna kjeks og grissini. Den franske sjefsbakaren på Åpent Bakeri, Emmanuel Rang, har saman med den franske bakaren Guillaume Nifosi og norske Espen Aasheim prøvd og feila i bakeriet og komme fram til ei rekkje gode, nye oppskrifter på knekkebrød.