Krigens penn

Vaksne

Krigens penn : ein biografi om Lise Lindbæk

Sigrun Slapgard

2002

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Lise Lindbæk (journalist), 1905-1961
Lise Lindbæk var Norges første kvinnelege krigskorrespondent. På 20-talet drog ho til Italia, der ho snart blei kjent med fascismen. Under den spanske borgerkrigen rapporterte ho direkte frå frontlinja, og var venn med Nordahl Grieg og Ernest Hemingway. I 1940 flykta ho frå den tyske invasjonen i Paris og havna i Casablanca. Seinare kom ho over til USA, der ho engasjerte seg sterkt i innsatsen til krigsseglarane. Lindbæk var ei av samtidas mest kjende norske kvinner, ho snakka sju språk og førte seg heimevant på den internasjonale arenaen. Ho var ei uvanleg kvinne for si tid, eit glødande engasjert menneske som levde eit intenst og sterkt liv, fylt av dramatikk, triumf og tragedie. Sigrun Slapgard, journalist i NRKs utanriksredaksjon, teiknar eit personleg portrett av journalisten og mennesket Lise Lindbæk. Illustrert i svart/kvitt.

Utgåver