I «Kvervel» utforskar poet og musikar Karl Seglem kontrastane mellom nært og fjernt, naturleg og kunstig, fødsel og død, einseimd og fellesskap. Som i dei tidlegare tekstane hans står lydbileta sentralt også her. Dette er Seglems tredje diktsamling. Omtalen er utarbeidd av BS.