Kystkvinner

Vaksne

Kystkvinner : liv og lagnad

Harald Nordstrand

2000

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Kystkvinner
Kystkvinnene si soge er spesiell. Dei strenge levevilkåra på ein verhard kyst, ofte med mennene borte i månadsvis, kravde mykje av kvinnene. Husmora måtte forvalta alt i hushaldet på beste vis. Ansvaret gjorde kvinnene sjølvstendige. Dei makta både det daglege arbeidet og meir langsiktige oppgåver. Delar av året måtte dei overta arbeidsoppgåvene til mannfolka. Om det trongst, kunne dei gjere alle slags arbeid for å sikra levemåten - også tradisjonelt mannsarbeid, som å setja ut garn og not eller ta torv. Men midt oppi alt slitet fann kystkvinnene mange gleder, og dei hadde overskot til å engasjera seg i aktivitetar utanfor heimen, mellom anna i misjonsforeiningar og husmorlag. Og sjølvsagt var forelsking og kjærleik viktige delar av livet før òg. Boka inneheld ein generell del med kvinnehistorie frå Hordalandskysten dei siste 150 åra. Resten er ei samling portrett av kjende og mindre kjende kystkvinner. Illustrert med fotografi i sv/kv. Noter og litteraturliste. Nyn.

Utgåver