Ei kvinne er på reise etter eit kjærleiksbrot, det får ho til å minnast andre reiser. Erindringsbileta glir saman til ei stor og fløymande reise gjennom tider og land. Her er bilete av elvar, hav og vatn - livet, livets vatn, og livets flyt. Under tap og lengt ligg ei aning av glede: Det kjem nye dagar, nye reiser, nye tider. 73 s. Ib. 2005.