Lånte fjør eller bunad?

Vaksne

Lånte fjør eller bunad? : om importord i norsk

Helge Sandøy

2000

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Norsk språk - Etymologi
I denne boka viser Helge Sandøy korleis språket vårt gjennom eit par tusen år har absorbert ei mengd importord. Dei er ein sentral del av kulturgodset vårt, men vi har støypt dei om i både uttale, skrivemåte og innhald slik at dei ofte er blitt særnorske. Denne prosessen - både den historiske og den moderne - blir her grundig drøfta frå mange innfallsviklar for første gong. Boka gir bakgrunn for diskusjonen om språket vårt i dag står i fare pga. den nye og sterke påverknaden frå engelsk. Bør vi vere urolege? Forfattaren tek opp korfor vi importerer ord, og diskuterer argument for og imot desse orda og kva vi kan gjere med dei. Alternativet med å lage gode avløysarord blir også drøfta. Boka er rik på ord- og teksteksempel, slik at boka vil vere eit godt hjelpemiddel for norsklærarar i ungdomsskolen og den videregåande skolen. Også studentar i lærarutdanninga og i faget nordisk vil finne mye nyttig stoff i boka. Saks- og personreg., litteraturl. Nyn.

Utgåver