Emmanuel Carrère er kjend for ein sjangeroverskridande litteratur. Han nyttar ofte seg sjølv i sine fiksjonaliserte univers. I «Riket» utforskar Carrère forholdet til si eiga tru gjennom fortellinga om dei første kristne. Det er historia om korleis ein fattigsleg predikant setter i gang ein bevegelse, som vil spre seg verda rundt, som eit virus. Bevegelsen er grunna på historia om profeten som vart korsfesta, men stod opp frå dei døde. Med Paulus og Lukas som representantar på staden, gjev Cárrer lesaren eit blikk inn i det fortidige, og utfordringa med trua på Jesu oppstode. Omtalen er utarbeidd av BS.