Dette er ei samling essays om Ragnar Hovlands personlege litterære kanon. Dei handlar mellom anna om Stella Gibbons, Kenneth Grahame, A. A. Milne, Arthur Conan Doyle, Claes Hyllinger, Richard Brautigan og Arne Garborg. Boka inneheld også samfunnsorienterte tekstar, mellom anna ein tekst om Charlie Hebdo. Ragnar Hovland har gitt ut over 50 bøker i ulike sjangrar og har fått Kritikarprisen, Brageprisen og Bastianprisen. Omtalen er utarbeidd av BS.