Iver Aslakson bur på garden Åsane i fjellet over Hardangerfjorden. Det er sommaren året 1994, og Iver les dødsannonsa til Frida Nord i avisa. Tankane om henne får han til å minnast krigsåra: Den døvstumme Frida Nord og far hennar, som er ettersøkt av nazistane, har ly i garden. Ein russisk krigsfange kjem til Åsane. Han har vore på flukt frå tyskarane i over eitt år, og folka her må ta seg av han og gøyme han. Men på Åsgarden driv dei farleg motstandsarbeid, og Aleksej sitt nærvær gjer at situasjonen blir livstruande for dei alle. Handlinga har rot i verkeleg hendingar.