For meir enn 140 år sidan blei det avgjort at ei jernbane skulle byggjast frå kyst til kyst mellom Nord-Sverige og Nord-Noreg. Linja skulle frakte jernmalm frå gruvene i Norrbotten til hamna i Narvik. Om lag 1130 millionar tonn malm har sidan blitt frakta med Ofotbanen. Denne boka fortel om gruvedriftselskapet LKAB, om byane langs linja, Narvik og Kiruna, og om bana som bind det heile saman. Ofotbanen har påverka samfunn, arbeidsliv, politikk og kultur, og slik vore ein viktig del av utviklinga på Nordkalotten. Omtalen er utarbeidd av BS.