Bind fire av «På fire bein»-serien let dyra tale om sine eigne ønske og korleis dei finn mot til å setje draumane sine ut i livet. Reven, Villsvinet og Selen fortel kvar si historie om det å ha følgt kjenslene sine og valt sin eigen veg. Vesle Rev snakkar om Steppeulv-naboen, som han såg slik opp til. Store Villsvin minnest livet i griseflokken, der dei alltid gjorde alt i lag. Selen si historie er møtet med ein langust som var redd for å kaste skalet sitt i frykt for å bli eten utan vernet. «Den vegen» viser at alle er ulike, at alle slit med dei indre svakheitene sine, og at alle er frie til å velje. Teikneserie for førskolebarn/småskoletrinnet.