Vesle Pål vil ikkje tisse i bleia, han vil mykje heller tisse på golvet. Løysinga blir at Pål kler på hunden bleia, så kan han tisse på golvet og hunden i bleia. Illustrasjonane er humoristiske akvarellteikningar kor hovudpersonane og det som er omtala i teksten, stig klart fram. Teksten er skriven slik som eit lite barn formar sine første setningar. Peikebok for førskolebarn. Omtalen er utarbeidd av BS.