Vesle Pål med tynne bein og blåstripa bukser, leikar med bamsen sin. Dei gule hårstråa står ende til vers. Bleiebaken subbar bakken. Illustrasjonane er humoristiske akvarellteikningar kor hovudpersonane og det som er omtala i teksten, stig klart fram. Teksten er skriven slik som eit lite barn formar sine første setningar. Peikebok for førskolebarn. Omtalen er utarbeidd av BS.