Ein mann seier opp jobben og kjøper ein bil, alt i eit anfall av meiningsløyse. Navigasjonsapparatet stilles inn på ein tilfeldig destinasjon. Det blir Lübeck. Målet er å fri seg frå kvardagslivet, metoden er å halde seg i konstant røyrsle. Men det går ikkje så lang tid før den nomadiske livsstilen blir utfordra, og han må spørje seg sjølv om kor lenge det er mogleg å flykte. «Nomade» er ein roadroman om eksistensens vegar og omvegar. Dette er Erlend Flornes Skarets tredje roman. Omtalen er utarbeida av BS.