Noregs største steinras

Vaksne

Noregs største steinras : Tjelle-skredet 1756

Astor Furseth

2021

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Tjelle-skredet, 1756
  • Steinskred - Molde - Nesset : katastrofar
Noregs største steinras gjekk 22. februar 1756 i Møre og Romsdal, seint ein søndag kveld. Først morgonen etter gjekk det opp for folk kva som eigentleg hadde skjedd. Deler av Tjellefjellet i Nesset hadde rast ut i fjorden og skapt tre store flodbølgjer. Bølgjene slo langt opp på land og tok med seg både bygningar og båtar. I alt mista 32 menneske livet. Skredhistorikaren Astor Furseth løftar i denne boka fram ein katastrofe som etter få år var gløymt. Han setter også lys på kor ulikt naturkatastrofar rammar. Som vanleg var det også her småkårsfolket som leid mest, men dei bygde likevel staden opp att. Furseth har mellom anna forska på naturkatastrofar i eit historisk perspektiv og har tidlegare skrive både skjønnlitteratur og fagbøker. I Samlaget sin serie KRISETID tek nokre av våre fremste fagfolk for seg ulike historiske kriser i verda. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver