Ragnar Ulstein

Biografiar  •  Vaksne

Ragnar Ulstein : i krig og fred

Gunnar Myklebust

2017

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Ragnar Ulstein (journalist og krigshistorikar), 1920-2019
  • Noreg - Historie - Verdskrigen, 1939-1945
  • Andre verdskrigen
Då den andre verdskrigen braut ut reiste den unge Ragnar Ulstein til England, der han blei ein del av Linge-kompaniet. Etter omfattande opplæring var han med på fleire hemmelege operasjonar i Noreg. Etter krigsåra bytte Ulstein ut pistolen med penn. I meir enn tretti år reiste han landet rundt og intervjua krigsveteranar for å dokumentere den norske motstanden under krigen. Han snakka med meir enn 1300 englandsfararar, grenselosar, etterretningsfolk og små og store aktørar i dei hemmelege nettverka i motstandsrørsla. Ved Norsk hjemmefrontmuseum etterlèt han seg eit eineståande arkiv med opptak og avskrifter av intervjua. Ulstein er ein av få attlevande motstandsmenn frå krigen, og denne biografien er basert på timevis med samtalar mellom han og forfattar Gunnar Myklebust. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver