Norsk jordbrukspolitikk går i feil retning, skriv Siri Helle. Ho argumenterer for at Noreg har potensial til å bli verdas beste jordbruksland, men at det krevjer ei reell kursendring. Helle peikar på at mange av oss ønsker mat produsert på norske ressursar, men at matproduksjonen vår likevel vert stadig meir importbasert. Forfattaren presenterer konkrete tiltak som kan bidra til eit jordbruk som er berekraftig, lønsamt og smakfullt. Siri Helle har tidlegare skrive boka "Handle rett: lure val i ein matbransje full av juks" (2014).