I Kunnskapsløftet har digital kompetanse fått status som den 5. basiskompetansen, på lik linje med lesing, skriving, rekning og munnleg framstilling. Gjennom 10 artiklar i denne boka fokuserer forfattarane på kva for implikasjonar dette vil få for både skulen, læraren og eleven. Dette blir sett i høve til relevant IKT-forsking og rettar òg eit søkjelys mot korleis den digitale revolusjonen utfordrar vår tradisjonelle oppfatning av både kunnskap og læring.