Torgrim Eik elskar familien sin. Men han treng tid for seg sjølv, så han bestemmer seg for å segle over fjorden og gå på jakt. Undervegs dukkar gamle minne opp i han, minne frå eit omflakkande liv i Europa. Slik begynner han den indre jakta på seg sjølv. «Slagmark» er ein roman som dukkar ned i den menneskelege understraumen og spør: Kva er ein mann i dag? Og kva skal ein mann vere? Omtalen er utarbeidd av BS.