Det er ikkje alltid det er så greitt å vere stor og sterk, i alle fall når bestevenen heiter Veslemonster og er frykteleg flink til alt han gjer. Storemonster prøver og prøver, men får ingenting til. Han kjenner seg klossete og dum. Men store monster græt ikkje. Ei bok om å vere liten sjølv om ein er stor. Biletbok for førskolebarn/småskoletrinnet.