Frå 1650 til 1800. Band 3. Byeliten skildra på 1800-talet Strilelandet som eit grått og karrigt område.Gjennom "Strilesoga" får ein eit anna bilde. Dette er landet der ressursane i jord, hav og fjord vart utnytta, ikkje til rikdom for dei få, men til levebrød for dei mange. I det tredje bindet av "Strilesoga" står ofte tilhøvet til byen, Bergen, sentralt. Det var gjennom hardt arbeid og enkelt levesett at strilane greidde å skaffe fram overskot av godt betalte salgsvarer. I den særeigne gardsdrifta, i den viktige heimeproduksjonen av klede og vanleg heimestell, hadde kvinnene ein nøkkelposisjon. Boka er gjennomillustrert med bilete i fargar. Med oversikt over kjelder og litteratur. Register.