B. 4 : frå 1800 til 1914. Dette fjerde bindet av Strilesoga handlar om Strilelandet frå 1800 til 1914. Strilane kom relativt velberga gjennom naudsåra tidleg på 1800-talet, men kraftig folkeauke førte til at fleire måtte dele ressursane. Første halvdel av 1800-talet skapte eit tettare fellesskap på gardane på Strilelandet, men dette fellesskapet løyste seg gradvis opp i andre halvdel av hundreåret. Bergen, og etter kvart også Amerika vart eit lokkande alternativ for ungdom som vanskeleg kunne skaffe seg levebrød i heimbygda. Gjennomillustrert med gamle og nye fotografi, i farger og svart/hvitt.