Den eldre og Den yngre er sperra inne og har god tid til å observere og tenkje. Å vere stengd inne kan på den eine sida gje ei kjensle av tryggleik, men på den andre sida kan ein stundom også verte uroleg av det. Den eldre fordriv tida med å studere skyene, medan Den yngre ikkje vil gje opp håpet om å sleppe fri – for han har noko han må gjere opp for. Av og til dukkar to lyse hundar opp, og Den eldre finn trøyst i dei. Romanen inneheld fotografi som kan gje teksten ei utvida meining. Omtalen er utarbeidd av BS.