Trado

Dikt  •  Vaksne

Trado

Athena Farrokhzad

2021

Originaltittel:Trado
Omsett av:
Sindre Andersen, Ida Hove Solberg

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Diktboka "Trado" er resultat av eit samarbeid mellom Svetlana Cârstean og Athena Farrokhzad. Dei er begge poetar og omsetjarar og møttest på ein omsetjarverkstad i 2012. Begge hadde debutert med kvar si diktsamling, og no skulle dei tolke dikta til den andre. Cârsteans dikt var på rumensk, mens Farrokhzads dikt var på svensk. Utfordringa var at dei ikkje kunne den andre sitt språk. "Trado" er eit produkt av denne omsetjinga. Her blandar stemmene seg og byter plass i eit dikt om arv, bedrageri og kjærleik. Trado har blitt omsett til både polsk og dansk. I den norske omsetjinga har Sindre Andersen gjendikta Cârstean frå rumensk til bokmål, medan Ida Hove Solberg har gjendikta Farrokhzad frå svensk til nynorsk. I midten av diktet, som dei to forfattarane har skrive saman, har Andersen og Solberg samarbeidd om å lage ein versjon som speglar originalen best mogeleg. Både Cârstean og Farrokhzad har også tidlegare blitt omsett til norsk. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver