Johannes Gjerdåker gav i fjor ut den kritikarroste "Odar av Horats". I år er han klar med ei ny gjendikting " "Tranene til Ibykus?. Ei rekkje av gjendiktingane har Gjerdåker arbeidd med heilt sidan 70- og 80-talet. Utvalet spenner frå Goethe, og den tyske klassisismen, fram til der romantikken sluttar og den tyske modernismen tek til, med desse diktarane: Schiller, Brentano, Platen, Heine, Lenau, Nietzsche, Liliencron og Hofmannsthal. Samlaget seier vidare om boka: ?Tranene til Ibykus? er ei grundig og god gjendikting som til fulle demonstrerer Gjerdåkers truskap med tysk språk spesielt og poetisk språk generelt. Utval, gjendikting og etterord ved Johannes Gjerdåker.