Utfor

Roman  •  13 – 15 år

Utfor : roman

Sunniva Relling Berg

2011

Lån boka

Om boka

  • Mobbing
  • Vennskap
Saman med foreldra flyttar Lea frå byen til ei lita øy i havgapet, i eit hus for seg sjølv på det høgste punktet på øya. Ho møter naboguten Jonas, og dei utviklar ein vennskap. Men det er noko som ikkje stemmer på den vesle øya. Dei andre ungdommane vil ikkje ha noko med Jonas å gjere, og Lea blir dregen inn i ein konflikt som ho ikkje forstår noko av. Ho må ta eit val. Ho må finne ut kva det er alle på øya går og teier om. Lea er flink i matematikk, men dårleg på vennskap. Dette er ei forteljing om vennskap, mobbing og å komme frå byen til ei lita øy, om å bli tvinga til å ta vanskelege val, om korleis det kjennest å falle utfor eit stup. Forteljing for ungdomstrinnet.

Utgåver