Fleire hundre fiskarar i Troms har blitt borte på havet sidan slutten av 1800-talet. I denne boka fortel journalist og forfattar Gunnar Grytås om nokre av forlisa og ulukkene som skaka samtida. Vi får høyre om djupt tragiske hendingar, men òg historier om godt sjømannskap, mannsmot og handlekraft i kamp mot naturkreftene. Det var ofte ikkje grenser for kor mykje livsvilje folk kunne mobilisere når dei sto ansikt til ansikt med døden. Boka er illustrert med historiske fotografi.