Etter ei rekkje hektiske år i Oslo reiser Agnes Ravatn med mann og baby frå Frogner til den vesle vestlandsbygda Valevåg. Planen er å få ei roleg permisjonstid, i eit nedslite småbruk utan internett. Omkransa av skog, fjell og sauer snirklar dagane seg sakte av garde for den vesle familien. Kveldane går med til å drikke vin og samtale med den næraste naboen, ven og forfattarkollega Einar Økland. Resultatet er denne boka, ei samling stasjonære reisebrev frå eit halvår på bygda. Det handlar om det enkle livet, skriving, lykke og jakta på det perfekte knekkebrødet. Omtalen er utarbeidd av BS.