"Samfunn" er det andre bindet i "Vestlandets historie". Boka tek for seg samfunnsdanning og samfunnsorganisasjon i landsdelen frå mellomalderen fram til i dag. Områda frå Sunnmøre til Agder blei eit eige ting og lovområde under Gulatinget og fekk felles samfunnsorganisasjon. Seinare blei heile Vestlandet bunde saman av handelsknutepunktet og styringssenteret i Bergen. Når det gjeld utviklinga gjennom dei siste fem hundre åra, legg boka vekt på det vestnorske bygdesamfunnet, by- og tettstadsutvikling, tilhøvet mellom sentralmakt og vestnorsk periferi, folkerørsler og frivillige organisasjonar.