I “Western Desert” møter vi menneske som får utfordra vante relasjonar, sjølvoppfatning og verdiar. Fleire av novellene har døden som tema. Ein far sørgjer over tapet av kona, og vil berre gje opp, men er nødd til å ta seg av dotter si. Ein forfattar dør, og brått vil alle vise kor godt dei kjende han. Eit par er på ferie og utset heimreisa fordi dei ikkje lenger har nokon å komme heim til. Til tross for dei mørke tematikkane ber novellene preg av humor og underhaldande refleksjonar. Omtalen er utarbeidd av BS.